Seksten av Gryttens fine mikronoveller

org_vente_paa_fuglen_hoy-189x300Høsten 2014 ga Frode Grytten ut boken “Vente på fuglen”. Den består av 201 utvalgte historier han tidligere har publisert på sin Twitter-konto. Her er seksten av mine favoritter – i kronologisk rekkefølge.

 

1
Ein dag i livet til nyttårsbarn (22 timar): Skrike. Sove. Ete. Sove. NRK. Sove. NTB. Ete. Sove. TV 2. Drite. Bade. Skrike. Sove. Ete. Sove.

 

2
Gut (6) manglar alibi. Sjølv om dei finn snopepapir i lomma, kan dei ikkje prove at det kjem frå laurdagsgodtet. Dei har ingenting på han.

 

3
Gut (16) har forskansa seg i ein hettegenser. Situasjonen har vore fastlåst i to-tre år. Dei får inn mat og drikke, men guten kjem ikkje ut.

 

4
Kjærestar og 18 år. Har kun råd til ei langhelg på kjipt hotell heime. Dei kallar byen Paris og et croissantar etter å ha elska kvar morgon.

 

5
Dei første timane på hittegodsen er rolige. Vakta (22) drikk kaffi, les avis, ventar. Ved ni-tida tar alle dei tapte mobilane til å ringe.

 

6
Ho kunne ha vore drømmekvinna hans. Dessverre er ho usynkronisert. Lyden kjem ut før ho snakkar. Særlig når dei elskar, blir han totalforvirra.

 

7
Då han var sju, drømte han om å bli astronaut. Då han fylte ni, ville han bli flygar. Tiåringen gikk inn for kranførar. No er han asfaltør.

 

8
Timar etter at ho er gått, løftar han kaffikoppen hennar til leppene. Han er 36 år no. Statistisk sett har han levd nøyaktig halve livet.

 

9
Førti år no. Ståande utanfor det huset du lovde deg sjølv aldri meir å besøke. Fredagskveld. Sommarregn. Junilys. Pusten din. Hjartet ditt.

 

10
Trofékone fyller år. Kropp som ein tjueåring. Sur som ein syttiåring. Forbruk som ein førtiåring. Forstand som ein tolvåring. Alder ukjent.

 

11
Heime fantaserer han om sekretæren (28). Framme på kontoret fantaserer han om kantinedama (36). Nede i kantina fantaserer han om kona (42).

 

12
Ho ser i spegelen korleis ansiktet er endra. Ho ser fødslar, død og foreldrekonferansar. Ser ho nøye nok etter, ser ho at ho er forelska.

 

13
Mann (51) festar flagget, ser ut på byen. Kva skjedde med oss? Fann vi olja og mista humøret? Blei vi rike kvar for oss, men fattige saman?

 

14
Då dei gifta seg for 28 år sidan og ho smilte til fotografen, hadde ho aldri trudd at han fyren ved sida av skulle verke så rar som i dag.

 

15
Kvar søndag kjem nabo (60) ut i gata for å varsle dommedag. Eit artig rituale, synest alle. Denne søndagen er naboen vekke. Uroa breier seg.

 

16
Mann er død (1940-2012), ein sann meister i kunsten Nesten. Nesten gift. Nesten effektiv. Nesten engasjert. Nesten ærlig. Nesten vellykka.

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s