4 favoritter fra Norsk attraksjon

Boka “Norsk attraksjon” inneholder 24 alternative reisemål fra vårt langstrakte land. Mine favorittattraksjoner består av “Noregs kortaste ferjetur”, “Sjit helvedes kåken”, “Dama på grisen” og “Den skeive butikken”. Her er noen utdrag fra historiene.

norskattr.

1 Noregs kortaste ferjetur. Eller: “Kast loss! . . . framme!”

Svelvikferja bruker under fem minutter på reisen til hvert av sine endestopp, Svelviksund og Hurum. Odd Mathisen har arbeidet på båten i over 33 år. Etter noen intrikate regnestykker kommer de frem til at han har reist fram og tilbake Svelvik-Hurum 219 430 ganger.

“Kvar einaste dag i 33 år, att og fram, fram og tilbake. Frå Vestfold til Buskerud, frå Svelvik til Hurum, fem minutt kvar veg. Og når dei køyrer med straumen, kan det ta langt under fire minutt, presiserer Odd. ( . . . ) Det er ikkje uvanleg å høyra livskloke reiseklisjear av typen ‘Å reisa er ein tilstand’. Og ‘Det er vegen som er målet’. Men om bord i M/F Svelviksund går slikt kontemplativt snikksnakk på ein gedigen smell. Ein dag med Svelvikferja er ikkje ein tilstand av å reisa, det er ein konstant tilstand av å komma fram. Me er heile tida på tur, likevel kjem me heile tida fram. ( . . . )

Til slutt stod me att med eit tal som garantert er det nærmaste nokon nokosinne har komme å talfesta Odds ferje-odyssé. (Sjølvsagt klør eg etter å bruka det fiffige ordspelet Oddysséen, men legg merke til at eg greier å stå over.)” (s. 22-23)

norsk-attr-logo

2 Sjit helvedes kåken / Biru baika viessu. Eller: “Jeg er ingen sukkertøigutt.”

I 1949 skrev Anton Sjåbakken i Manndalen det mest tragikomiske brevet jeg noengang har lest. Brevet ble sendt til Kåfjord byggekontor i Olderdalen. I det klaget han rettmessig på at han og andre selv måtte betale for materiale de brukte for å bygge opp provisoriske hus, etter at tyskerne brant ned husene deres under andre verdenskrig. Han nektet å betale.

“Så laga dei seg ein kåk og håpa på betre tider. Men før det kom betre tider, kom den norske staten og kravde pengar for materialrasket. ( . . . ) ‘Og kunne de ikke betale, så holdt de tilbake krigsskadeerstatninga.’ ( . . . ) Men betalte gjorde dei, kva anna? Tvangsnorskifiserte samar i Manndalen hadde aldri opplevd at det gagna noko som helst å opponera mot den norske staten, tvert imot.

Og Anton skriv eit meisterstykke av eit brev. ( . . . ) For aldri har nokon skrive eit meir uforståeleg krystallklart brev. Og her er det:”

“Til Kåfjord byggekontor, Olderdalen

For det første. 

Du treng ikke gjøre merkesamt til meg at jeg ska kome i berøring med husbanken, for jeg vet hva jeg gjører. Og for det andet. Vil jeg ikke bli statens slave. Finnmarks-kontoret skal betale til meg. Resten av krigsskade. Så snart som fanen kan håpe. Og give resten opi fanen bygge eller ike, for jeg er ike nogen sukkertøigutt at det går an at låke for vi er bli låke nok før.

Og de kan kome hvad dagen som helst, og ta den sjit helvedes kåken for jeg vil ikke noe gauking av finnmarks-kontor.

Bare fungsjonæran ikke bruke min krigsskade til sigaret peng.

Bare betal ut som høre til meg, og Resten skal de holde snuten deres.

A.S.

Aldri helved jeg går med at betale 2700 for det kåken.” (s. 29-31)

norsk-attr-logo

3 Dama på grisen. Eller: “Sta purke, glad dame.”

Dama på Norges mest solgte postkort het Anna Skår, og at hun ble et postkortmotiv var et resultat av en rekke tilfeldigheter. Bildet ble tatt en sommerdag i 1932. En observant Oslomann så henne hoppe opp på en gris i brunst som nektet å flytte seg, og da hun gjentok det for ham tok han bilde av det. Fotografiet ble sendt til Roald Husum, hotell- og stølseieren. Deretter kom Carl Normann, som drev postkortforlag, innom Husum Hotell, og spurte om Husum hadde noe interessant liggende. Og slik ble Anna postkortmotiv før 1940.

“Sommerturisten så budeia på grisen og sprang etter fotoapparatet. Nokre år etter møtte Anna seg sjølv i eit postkortstativ og fekk sjokk. ( . . . ) Det mest selde postkortet i dette landet heiter ‘Seterjentens fridag’. Eit nokså misvisande namn, sidan det faktisk var ein heilt vanleg sytten-timars dag for budeia på biletet. ( . . . ) På folkemunne har motivet berre eit einaste namn: Dama på grisen. Dama på grisen slår panorama frå Geiranger og helsing frå Nordkapp ned i sokkane. Det er trykt opp i éin million eksemplar og har selt over 30 000 kort om året. Dama på grisen er med andre ord det mest selde norske motivet gjennom tidene! (s. 58-59)

( . . . ) – Kunne De være så vennlig å sette Dem på grisen én gang til? ropar ei stemme som Anna kjenner att som sommarturisten i den raude hytta like ved stølen. Oslo-mannen har sett det kuriøse motivet frå hyttevindauga og kjem halsande med fotoapparatet dinglande.

( . . . ) Av alle dei lekre påkosta fargefotografia i postkortstativet, med storarta motiv frå den storslåtte norske naturen, så er det altså eit svartkvitt bilete av ei glad budeie og ei sta purke som skyt blinken. Heilt logisk, når ein tenkjer etter.” (s. 61-63)

norsk-attr-logo

4 Den skeive butikken. Eller: “Skeiv moro!”

“Det er lett å tru at det ikkje er nokon grunn til å stoppa i Åsen. Men det er det. Det er her handlevogna stikk av så fort du snur ryggen til. ( . . . ) Akkurat no er det berre moro. Butikksjefen syner seg nemleg å vera ein leiken, sørvisinnstilt kjøpmann på min eigen alder, som avsluttar alle setningar med ein kort, lys latter. Og saman utforskar no Frode Kokkin og eg alt som kan trilla i butikken hans: colabokser, appelsinar, påskeegg, røndersodd. Alt rullar av seg sjølv, i det du legg det ned på golvet. Men det artigaste er sjølvsagt handlevognene, som trillar av garde så fort du slepper taket i dei.

( . . . ) I dag ligg utgangen bak på lageret 1,2 meter lågare enn inngangen framme i butikken. Det fann Vegvesenet ut då dei kom for å måla stigningsprosenten – og fekk bakoversveis: 5 prosent stigning! ( . . . ) Karane frå Vegvesenet blei så sjokkerte at dei like godt rekvirerte eit fareskilt med ei handlevogn på og bad Frode setja opp skiltet utanfor butikken. Ein skal vita kva ein går til, både i bil og butikk!” (s. 33-35)

 

Kilde: Norsk attraksjon – guiden til det du ikkje finn i guideboka

Se bilder fra Linda Eides favorittattraksjoner på Dagbladet.no .

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s